Om oss

Vi er ein privat barnehage i Nordstranda krins, på Austrheim i Gloppen kommune. Det er foreldra som til ei kvar tid har barn i barnehagen som er eigarar. Det gjev svært gode høve for foreldra til å påvirke det som skjer i barnehagen. Ingen tek ut utbytte av barnehagen, så alle inntektene går til å lage ein best mogeleg barnehage.

Turar i nærområdet som har mykje å by på: Vakker natur og dyreliv, skog og fjord, skule, Holvikjekta, Karnilstunet og gårdsdrift.

Austrheim barnehage fokuserer på at barna er ulike og har ulike behov og interesser: Barna har t.d. både ei fysisk, ei intellektuell og ei kreativ side. Alle desse sidene ved det å vere små menneske blir jobba med i ein lærande sosial samanheng.

Barnehagen, familien og samfunnet er saman om ein god barndom.

Meir informasjon: Sommerstengt vekene 29 og 30
Les om våre satsingsområde
Tilsette i Austrheim barnehage
Prisar og søknad om barnehageplass
Søknadsskjema
Facebook-side
Vedtekter og retningslinjer
Rammeplan
Årsplan 2024-25

Barnehagen, familien og samfunnet er saman om ein god barndom.